Kanelknutar

Ingredienser:

(Grunnoppskrift henta frå Ida Gran Jansen)

675 g kveitemjøl

75 g sukker

1/2 pk gjær

2 klyper salt

3 ts kardemomme

3 dl mjølk

1 egg

110 g romtemperert smør

1 egg til pensling

perlesukker

FYLL:

125 g sukker

125 g smør

2 ss kanel

Slik gjer du:

Bland saman alt det tørre. Pisk egget ut i melka og varm opp til lunka. Bland det våte i det tørre og la maskina gå på låg hastighet i ca 10 min til deiga slepp bollen. Blir det for tørt,spe på med meir mjølk. Tilsett så smørterningar i bollen, og la deigen eltast vidare på låg hastighet i ca 10 min til deigen skal bli smidig og sleppe bollen.

La heve i ca 60 min under plast. Lag fyllet . Bland saman smør, sukker og kanel til ein masse.

Del deigen i 2 og kjevle ut eit rektangel som du smører på fyllet. Brett saman 2/3 deler av deigen først og så resten over der igjen. Del opp i strimler som du vrir og lagar til ein knute.(Sjå biletet under).

La etterheve under plast i ca 20-30 min. Pensle med piska egg, og strø over perlesukker.

Steik på ca 200 grader i 12-15 min. Avkjøl på rist.

 

Sjokolademuffins


Oppskrift hentet frå www.detsoteliv.no

Ingredienser:

50 g smør

1,5 dl  sukker

Ingredienser

1 egg•

25 dl kveitemjøl

2 ts vaniljesukker

2ss kakao

1 dl melk

Glasur:

Melis

Vatn

Kakao

Slik gjer du :

Smelt smøret og bland melken. Rør saman sukker og egg med ein stålvisp ( ikkje visp eggedosis). Bland i smørmelka og samenpiska egg. Sikt samen alt det tørre og bland alt raskt saman til ein jevn, klumpfri deig. Ha papirformer i eit muffinsbrett. Fordel røra i muffinsformene. Sett mufinnsbrettet på rist mitt i omnen og steik ved 175 gr i 15-20 min.

Bland saman melis, vatn og kakao til «rett» konsistens og smør på muffinsane.

 

Fløytekake

Sommerfuglkake

Ingredienser:

Sukkerbrød:

5 egg

1,5 dl sukker

2,5 dl kveitemjøl

1 ts bakepulver.

Fyll:

4 ss mjølk

1 dl bringebærsyltetøy

1 dl jordbærsyltetøy

1 pk vaniljekrem

5 dl kremfløyte

Pynt:

1 pk kremfløyte

Blåbær

Bringebær

Moreller

Pikekyss

Sitronmelisseblad.

Slik gjer du:

Sett omnen på 160 grader.

Sukkerbrød:

1:pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Sikt saman mjøl og bakepulver og vend forsiktig inn i røra.

2: Hell røra i ein smurt springform på 22-24 cm. Steik nedst i omnen i ca 40 min.eller til gjennomsteikt.

3: Avkjøl kaka på rist. Fjern forma og del kaka i 2 eller tre deler. Etterpå deler du kaka på midten. Legg dei to delane slik at det formar ein sommarfugl.

4: Dynk kaka sukkerbrødet med mjølk. Legg ein del på eit fat og spre halvparten av det blanda syltetøyet . Topp med blandinga av fløyte og vaniljekrem. Legg på nytt sukkerbrød. Og gjenta. Topp med sukkerbrød.

Fortsett å lese «Fløytekake»

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.