Sommerfuglkake
Ingredienser:
Sukkerbrød:
5 egg
1,5 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver.
Fyll:
4 ss mjølk
1 dl bringebærsyltetøy
1 dl jordbærsyltetøy
1 pk vaniljekrem
5 dl kremfløyte
Pynt:
1 pk kremfløyte
Blåbær
Bringebær
Moreller
Pikekyss
Sitronmelisseblad.
Slik gjer du:
Sett omnen på 160 grader.
Sukkerbrød:
1:pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Sikt saman mjøl og bakepulver og vend forsiktig inn i røra.
2: Hell røra i ein smurt springform på 22-24 cm. Steik nedst i omnen i ca 40 min.eller til gjennomsteikt.
3: Avkjøl kaka på rist. Fjern forma og del kaka i 2 eller tre deler. Etterpå deler du kaka på midten. Legg dei to delane slik at det formar ein sommarfugl.
4: Dynk kaka sukkerbrødet med mjølk. Legg ein del på eit fat og spre halvparten av det blanda syltetøyet . Topp med blandinga av fløyte og vaniljekrem. Legg på nytt sukkerbrød. Og gjenta. Topp med sukkerbrød.
5: pisk kremfløyte med sukker til ein stiv krem og fordel utover kaka. Pynt kaka slik du vil.