Ingredienser:
(Grunnoppskrift henta frå Ida Gran Jansen)
675 g kveitemjøl
75 g sukker
1/2 pk gjær
2 klyper salt
3 ts kardemomme
3 dl mjølk
1 egg
110 g romtemperert smør
1 egg til pensling
perlesukker
FYLL:
125 g sukker
125 g smør
2 ss kanel
Slik gjer du:
Bland saman alt det tørre. Pisk egget ut i melka og varm opp til lunka. Bland det våte i det tørre og la maskina gå på låg hastighet i ca 10 min til deiga slepp bollen. Blir det for tørt,spe på med meir mjølk. Tilsett så smørterningar i bollen, og la deigen eltast vidare på låg hastighet i ca 10 min til deigen skal bli smidig og sleppe bollen.
La heve i ca 60 min under plast. Lag fyllet . Bland saman smør, sukker og kanel til ein masse.
Del deigen i 2 og kjevle ut eit rektangel som du smører på fyllet. Brett saman 2/3 deler av deigen først og så resten over der igjen. Del opp i strimler som du vrir og lagar til ein knute.(Sjå biletet under).
La etterheve under plast i ca 20-30 min. Pensle med piska egg, og strø over perlesukker.
Steik på ca 200 grader i 12-15 min. Avkjøl på rist.